Spirå

 Om meg:


Anne Dale Nordbø, det er meg! Eg er ei dame som elsker å vera kreativ, og det å få skape. Det gjenspeiler seg gjennom heile mi yrkeserfaring, der eg har jobba som bla assistent hjå fotograf, dekoratør, og blomster-dekoratør.
Etter at blomsterbutikken der eg jobba i 10 år blei lagt ned, tok eg steget ut og starta som frilans blomsterdekoratør. Under navnet Spirå tilbyr eg blomsterbinderi på bestilling til store og betydningsfulle anledningar, samt til høgtider og merkedagar.


Eg held til på Byrkja i Hjelmeland, og har blomsterverkstaden min heime på garasjeloftet. Der er du hjertelig velkommen om du ynskjer veiledning og hjelp. Husk bare å avtale tid først. 

Det er og viktig å tenke på at eg ikkje har varelager heime, så ta kontakt i god tid på forhånd :)


Mine tjenester:

Blomsterbinderi

Med binderiveksted heime på garasjeloftet, og fagbrev som blomsterdekoratør i bagasjen, tar eg i mot bestillingar til dei fleste anledningar. Eg har ikkje butikk med vanlige åpningstider, og arbeider utifra bestillingar. Ber derfor om forståelse for at det ikkje er alltid eg har mulighet på kort varsel. Ein grei huskeregel er å ver ute i god tid.

Men ta likevel kontakt om du lurer på noko, så finn me ei løysing saman!

Utstillings-formgiving

Som utdanna utstillingsdesigner tilbyr eg butikkar og firma hjelp med bla vindusutstillingar, vareplassering og

butikkinnredning.


Eg tar og på meg å dekorere heile lokaler til fest og bryllup, eller andre anledningar.